Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Humørfylt dugnadsgjeng på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. februar 2019

Det var ein humørfylt gjeng som var samla på Todalshytta på dugnad i helga.  Dugnadsgjengen til KNT er viden kjent for sin dugnadsinnsats, og no er det altså Todalshytta som får nyte godt av innsatsen.  I løpet av våren skal Todalshytta få ei skikkeleg renovering både utvendig og innvendig. Ein del ting er alt på plass, slik som reparasjon av alle vindu og legging av nytt tak.  I vinter har det vore skifta ut nokre råtne stokkar i tømmerveggen og bygd nytt byslag over hovudinngangen.  No startar arbeidet innomhus…..

KNT er viden kjent for sine dugnader! Her blir det servert lunch til dugnadsgjengen. Frå venstre Anita Dybå, Hans Gujord, Brynhild Gujord, Eirik Gudmundsen, Marie Dybvik, Petter Brevik, Jens Halten, Magne Haugen og Svein Uran. Foto: Jon Olav Ørsal

På Ishuslemmen treffer vi «big chef» Eirik Gudmundsen, som fortel at det blir mange endringar på Todalshytta i år.  – Slik det ligg an no, så ser det ut til at det blir lagt opp til sjølvbetjening i Isbua og i Jomfruburet. I Isbua er det plana at det skal bli 4 soveplassar i kvar etasje og 4 soveplassar i Jomfruburet – til saman 12 sengeplassar. Dette vil bli ordnet no i vår, og da vil det bli ordna litt betre plass for matlaging. I sanitærbygget vil det sjølvsagt være oppvarma og være tilgang på varmt og kaldt vatn heile året.

Ishuset bli sjølvbetjent på heilårsbasis. – her blir det no 4 soveplasser i kvar etasje og i tillegg 4 soveplasser i Jomfruburet. Foto: Jon Olav Ørsal

Hovudhuset vil også få ein skikkeleg «facelift», med utbetring av både kjøkken og bad, og det meste av el-anlegget vil bli skifta ut. Dette arbeidet starta i fjor, da alarmsystemet vart skifta og modernisert. Elles er det behov for ei skikkeleg opprydding og rundvask av heile hytta. – Slik det ligg an no, så vil ikkje hovedhuset bli betjent og ope for turistar.  Plana er at hovudhuset skal brukast til utleie til selskap – bryllup, konfirmasjonar, bursdagar og anna selskap – eller kanskje til sjølvbetjent leirskule eller liknande.  Sesongen for slik utleie vil være frå ca. 1. mai til ca. 1. oktober – elles vil det være vinterstengt og varmen stengt i frå. 

Elles blir det i KNT jobba med å få på plass «Snotbu» – ei sjølvbetjeningshytte som blir lokalisert til området ved Sprikkeltjønnene, mellom Romådalen og Folldalen, fortel Gudmundsen, som er oppteken av at folk skal ha tilgang til naturen som rekreasjonsområde. – han maner samtidig for at vi må tenke oss godt om i sambande med bygging av vindmølleparkar og andre store inngrep i naturen. Enkelte vindmølleparkar er som store industriområder som slett ikkje passar inn i naturen. 

Svein uran og Magne Haugen skal få på plass nytt elanlegg og skifte til LED-lys i hytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Marie Dybvik på kjøkkenet – Vi bruker 5 måltider kvar dag: Frukost, ti-kaffe, lunch, ettermiddagskaffe og til slutt middag. Foto: Jon Olav Ørsal

Brynhild og Hans Gujord hadde fått målarjobb på badet i 1. etg. Foto: Jon Olav Ørsal

Anita Dybå i gang med opptenning i litj-peisestua. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 16. februar 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 15. februar 2019, 23:38