Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Human knitting på skulen

Elinor Bolme Onsdag 19. oktober 2016

I går hadde 3. til 7.klasse på Todalen Skule  besøk av Ingun Myrstad med «Human Knitting Machine» frå Den Kulturelle Skolesekken. Elevane fekk oppleve strikking på en helt ny måte, og brukte seg sjøv som ei levande strikkemaskin.

Med tilsammen 500 meter garn, laga dei rette og vrange masker, og resultatet vart eit kjempestort nett som fylte heile klasserommet!

Under er eit lite bildegalleri frå økta. Alle foto: Randi Helene Husby

Kultursekken er eit samlebegrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskole og den videregåande skulen i Møre og Romsdal. Kultursekken vert realisert gjennom ei abonnementsordning for kommunane, gjennom bestillingsordninga Kulturlauget, samt gjennom kommunane sine lokale Kultursekkplanar, kan ein lesa på Møre og Romsdal Fylkeskommune si heimeside.

Måla for ordninga er:

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
  • å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål

Alle dei 36 kommunane i Møre og Romsdal deltek i ei abonnementsordning for som sikrar alle skolane profesjonelle kulturtilbod innan eit breitt spekter av kulturuttrykk. Kommunane betaler ein eigendel på 80,- pr elev pr skoleår. Frå 01.01.2016 er 23 av kommunane med i pilotprosjektet Kultursekk i barnehage, og eigendelen er der 60,- pr barn.

Publisert: 19. oktober 2016, 18:00