Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Huitfeldt studerte jordbruket i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. august 2015

Valkampen er forlengst i gang, og tysdag var det besøk frå «Youngstorget» i Todalen. Da var nemleg Anniken Huitfeldt på besøk i Viastua, saman med ordførar Lilly Gunn Nyheim samt politikarar og bondelagsleiarar både frå eigen kommune og frå nabokommunane på begge sider av fjorden. Tema for dagen var landbrukspolitikken. Ola Kvendset som nyleg har teke over heimgarden Viastua, var saman med kårfolket Gudmund og Wenche Kvendset vertskap for følget, og det vart servert graut og bakels til kaffen på terrassen i gardstunet.

SveinHåvardSaksen_1173

Svein Håvard saksen underheldt gjestane i gardstunet i Viastua. Foto: Jon Olav Ørsal

Det heile starta med eit flott kulturelt innslag, der Svein Håvar Saksen nærast kom direkte frå konserten på Syltnebba for å underhalde politikarar og bondelagsleiarar som kosa seg i gardstunet i Viastua. Med Hyldsbakks ”I slåttatæja” og Elgs ”Gud hjelp mæ hjem” la han eit godt grunnlag for det vidare programmet.

Ola Kvendset, som er leiar i Todalen bondelag og Oddvar Mikkelsen, som representerte Møre og Romsdal bondelag, orienterte om utfordingane som bøndene har i kvardagen. Huitfeldt lytta interessert på innlegga og ga uttrykk for at ho skjønte kor skoen trykkjer. Spesielt var det rovdyrpolitikken og rammevilkåra som var tema denne dagen. Huitfeldt lurte mellom anna på om bøndene følte at dei var hørt i denne debatten og forstod at dette har stor betyding for næringa.

AnnikenHuitfeldt_LillyGunnNyheim_olaK_1169

Annikken Huitfeldt, Lilly Gunn Nyheim og Ola Kvendset. Anniken konkluderte med at det hadde vore ein lærerik dag. Foto: Jon Olav Ørsal

I Todalen er det berre 3 besetningar att med sau – resten har kasta inn handkleet på grunn av rovdyrplaga, der både jerven og gaupa er involvert. Kårkallen Gudmund viste fram statistikkar han hadde frå si tid som sauebonde og det er ei dramatisk auke i rovdyrskaden. Toril Melheim Strand orienterte om rovdyrnemndas arbeid og kva som er gjort for å prøve å redusere skaden. – Ein kan vel konkludere med at det er stor forskjell på liv og lære, mellom næringa og byråkratiet sentralt.

Alle_Viastua_1205

Heile gjengen samla i gardstunet i Viastua. Foto: Jon Olav Ørsal

Det vart også sett fokus på rammevilkåra for jordbruket, og Mikkelsen understreka kor viktig det er at disse er forutsigbare og stabile. Dette gjeld ikkje berre overføringane til jordbruket, med også vilkåra for å overta eller leige tilleggsjord frå andre bruk ikkje minst eit stabilt tollvern og det vart vist til ”ostesaka” og resultatet av den.

Huitfeldt takka for mottakinga ho fikk i Todalen på ein slik fin dag – og skulle ta med seg lærdomen heim til Oslo – så bar det vidare for å nå ferja, før ho skulle møte representantar frå Tingvoll og Sunndal på Meisingset.

Ordførarkandidater_1212

Optimistar i valgkampen og ordførarkandidatar i fleng – blir Nordmøre kvinnestyrt dei neste 4 åra? Frå venstre Toril Melheim Strand, Lilly Gunn Nyheim, Anniken Huitfeldt, Line Flåtten, Line Hoem og Milly Bente Nørsett. foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 11. august 2015, 20:31