Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hugs å stille klokka

Jon Olav Ørsal Sundag 27. oktober 2019

Natt til søndag var det atter tid for å stille klokka – sommartida er slutt og vi må justere oss inn på såkalla normaltid.  Når det skjer er det mange som lurar på om klokka skal stillast framover eller attover.  Ein god regel som er lett å hugse er at klokka alltid skal stillast mot sommaren!  Om våren stiller du klokka fram mot sommaren og om hausten stiller du klokka attover og mot sommaren som var. 

Sterke krefter arbeider for at det skal bli slutt med å stille klokka over på sommartid. Men foreløpig er det ikkje avgjort kva som skjer, og siste ordet i den saka er nok ikkje sagt enno.

Historisk så har Noreg hatt sommartid i 1916, 1943–45 og 1959–65. Dessutan var det sommartid også om vinteren frå og med 11. august 1940 til og med 2. november 1942. Noreg har deretter hatt sommartid kvart år sidan 1980. I 1996 vart alle EU-land (og Noreg) samde om at sommartida startar siste søndag i mars og sluttar siste søndag i oktober.  Du kan lese meir om sommartid på Wikipedia

Publisert: 27. oktober 2019, 09:05