Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Høyring – framlegg til grenseendring i Todalsøran naturreservat

Elinor Bolme Onsdag 3. juli 2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sender i desse dagar ut eit framlegg til grenseendring på 2,5 dekar i Todalsøran naturreservat i Surnadal kommune. Dei viser blant anna til eit folkemøte som vart halde i Todalen 2. oktober 2017.

Endringa medfører at naturreservatet vert redusert med om lag 2,5 dekar. Dette er praktiske endringar slik at grensemerker som er satt ut stemmer med vernekartet, jfr. Naturmangfaldlova § 34 sjette ledd nr. 3, skriv Bjarte Benberg som er rådgjevar i saka hos Fylkesmannen.

Dokumentet inneheld også endringar der areal som ikkje er verneverdig er foreslått tatt ut, til dømes grasplen på ein campingplass og småbåthamn.

Eigedomslista i forskrifta blir også oppdatert slik at det det er samsvar mellom gards- og bruksnummer som vert berørt av vernet.

Framlegg til mindre endringar knytt til Todalsøran naturreservat vert med dette sendt til uttale og innspel med høyringsfrist 15. september 2019.

Les heile høyringsdokumentet her: Høyringsdokument – framlegg til grenseendring i Todalsøran naturreservat, Surnadal kommune

 

Publisert: 3. juli 2019, 21:26