Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hommelvikingar på Todalstur

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. mai 2015

Sjølv om det no er over femti år sidan Leif Halse pensjonerte seg og flytta frå Hommelvik til Levanger, lever minnet om han godt i Hommelvik. Måndag var seks hommelvikingar i Todalen for å finne opplysingar om Leif Halse. Dei stoppa opp ved Halsbua, og der kom dei i kontakt med karar frå kaffekroken. Der var det god hjelp å få, lokal kjentmann losa dei opp til skulen og fekk tak i Dordi Jorunn Halle frå Todalen historielag. Ho viste dei Gammelskulen og Halsesamlinga, og ho fortalde om Leif Halse og livsverket hans.

Fleire av dei kjende Leif Halse frå skuletida si. Solrunn Forbord hadde hatt Leif som lærar i mange år, og ho mintest han som ein dyktig kunnskapsformidlar og god historieforteljar. Ho fortalde og at Halse skreiv skuespel som elevane førte fram for publikum. Eitt av dei heitte «Solrune som vart glad igjen».

Hommelvikingane fekk kjøpt Kattastrof-CD’ar slik at dei kunne bli betre kjende med tekstene til Leif Halse. Det var svært fornøgde trønderar som sette kursen utover mot arboretet.

Publisert: 18. mai 2015, 18:00