Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Høg læringskurve, men trivelege dagar på hogstkurs

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. februar 2018

Måndag var vi på besøk i Nordvik forsamlingshus, der ein gjeng var i gang med hogstkurs. Første dagen var det teori, med opplæring i hogstteknikk og stell av motorsag. Dei to siste dagane bar det ut i skogen for å praktisere det dei har lært og for å øve inn den rette teknikken.

Rett hogstteknikk er viktig, både for å arbeide lett og dermed unngå belastningsskadar – og ikkje minst med tanke på sikkerheita. Sjølvsagt var det obligatorisk med bruk av fullt verneutstyr under skogskurset, der Ingebrigt Landsem var kursleiar.

Utepraksisen var lagt til skogsfeltet til Ola Nordvik utafor Rabb-leet. Her fekk gjengen øve seg på trefelling, kvisting og kapping. Til slutt var det «eksamen» og konkurranse om å felle på blink.  Her trekte Line det lengste strået og gikk heilt til topps.

Men det var og tid til kos – Ola Nordvik, som er skogeigar for prøvefeltet spanderte pølser og laga bålkos til heile gjengen den siste dagen. 

Nedafor finn du ein liten bildeserie frå «livet i hogstfeltet». Det er Line Nordvik som har sendt oss bilder.

Publisert: 22. februar 2018, 09:57