Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjortsafari på vegkanten…

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. april 2015

På strekninga frå ferjekaia på Halsanaustan og innover til Felleskjøpets anlegg på Landvegen har det den siste tida vore mykje hjort. Hit kan du dra på hjortesafari og rekne på hundrtals med hjort frå bilvinduet. For ei vekes tid sia var vi på «safari» eit par kveldar for å sjå kva som bydde seg….

Hjort_6677

På ekra vest for planteskulen rekna vi rundt 70 hjortar den eine kvelden. Foto: Jon Olav Ørsal

Hjorten kjem fram frå skogen i skyming, etter at det nærast er slutt på fotolyset. Men med kameraet stillt inn på 12800 ISO går det da på eit vis, men vi skal på ingen måte gi uttrykk for å være nokon naturfotograf. Utrusta med privatsjåfør var det berre å kome seg i posisjon på vegkanten og «fyre laus».  Har etterpå plukka ut nokre bilder for å vise kor mykje hjort det er i området og litt bredde i utvalet.

Det er i allfall lurt å ta det litt rolig når du passerer denne strekninga med bil i skyminga, for det er lett å få litt meir nærkontakt enn du faktisk sett pris på!

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå «fangsten» denne aprilkvelden for ei vekes tid sia.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. april 2015, 16:42