Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjort med misdanna klauver?

Jon Olav Ørsal Måndag 20. april 2015

Kristen Bruset har sendt oss nokre hjortbilder han tok i dag tidleg, da han passerte Høyemekra. Når han studerte bilda etterpå, oppdaga han at den eine hjortkolla ser ut til å ha misdanna klauver. Hjortane gikk og beita på Høyemekra da han passarte, og med «skyteklart» kamera i bilen bestemte han seg for å prøve å ta nokre bilder av hjortane. Men hjortane var fort urolege, men det vart da nokre bilder før dei forsvann inn i skogen.

DSC_0048

Det såg ikkje ut som kolla var hemma av skavanken. Foto: Kristen Bruset

Det var først etterpå når han skulle sjekke om bilda var i fokus at han oppdaga at den eine hjortekolla muligens hadde misdanning på begge framklauvene. No lurer han på om det er fleire som har sett denne kolla, som har «dansarskotupp» på frmklauvene?

DSC_0047

Hjortane vart urolege når dei oppdaga fotografen. Foto: Kristen Bruset

 

 

Publisert: 20. april 2015, 19:06