Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historie: Gamle ord og uttrykk – og digital rundtur

Jon Olav Ørsal Måndag 26. januar 2015

Todalen historielag samla eit 50-tals medlemar og andre til «historisk ettermiddagskaffe» i ungdomshuset. Gunnvald Bøe heldt eit interessant kåseri om gamle ord og utrykk frå Nordmøre – Historielaget tok oss med på digital tur rundt bygda, med både nye og gamle bilder. Vi har skikkeleg respons på arbeidet vårt, seier leiar i Todalen historielag John Moe, til Todalen.no – som sjølvsagt var der….

DSC_3100

Gunnvald Bøe heldt eit interessant kåseri til eit lydhørt publikum. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

På programmet denne dagen stod kåseri om gamle ord og uttrykk, og det var Gunnvald Bøe frå Bøfjorden som auste av sin kunnskap til eit lydhørt publikum i ungdomshuset. Han tok for seg typiske ord og uttrykk frå Nordmøre og forklarte korleis dei hadde vorte til og kvifor. Dei fleste orda har eit naturleg opphav frå det dei beskriv og omhandla, og ein kan ikkje berre kalle ein spade for ein spade.

Gunnvald fekk skikkeleg respons på sitt kåseri, og han tykte det var artig at todalingane var så engasjert og interessert i temaet. Gunnvald har hovudfag i norsk, og han antyda at han meir på lur når det gjeld akkurat dette emnet og vi veit frå Sjøbruksmuseet i Bøfjorden at han er over gjennomsnittet interessert i lokal historie.

Det var mang ein interessant diskusjon rundt kaffeborda i ungdomshuset etterpå. Mange gamle uttrykk vart nok ”lufta”, samtidig som nystekte bakels med smørgraut gikk ned på høgkant.

Ettermiddagskaffe_Lysbilder_3122

Ingri og Ragnhild tok oss med på digital rundtur rundt bygda, med nye og gamle bilder frå albumar dei har skanna. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Etter kaffen var turen komen til lysbilderunde rundt bygda. Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe er ”skannerpatrulja” i historielaget, og saumfart gamle album rundt bygda for å samle interessante og historiske bilde til historielaget. Dei hadde sett saman eit utval med gamle bilde for rundturen rundt bygda. Dei starta turen på Nordviksetra og fortsette turen rundt Todalen og avslutta i Ansneset. Dei viste både gamle og nye bilde av hus, folk og daglegliv på turen rundt bygda.

Bildeglimt frå ettermiddagskaffen i regi av Todalen historielag.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 26. januar 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 25. januar 2015, 22:11