Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

HIPS: Fikk help til møblering – tid for å takke…

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. januar 2017

For temmeleg nøyaktig eit år sia hadde vi ein sak om HIPS – Halsa interkommunale psykiatriske senter – som var på Todalstur for å kikke på møblar til nokre rom. Lokala var uendra frå starten i 2001, og det var stort behov for ei ansiktløfting på avdelinga og ikkje minst nye møblar, – og her visste Talgø råd.

Viste fram og fortalte – artig å være med på slikt konkuderte Terje Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

No er prosjektet med oppussinga ferdig, og måndag var Terje Talgø invitert til HIPS på Liabø for å sjå og høre korleis resultatet vart – og vi hengte oss på.  På HIPS vart vi mottekne av dagleg leidar Elsa Bjørkås, sjukepleiar Gerd Oddny Røed og Gøran Tamminen som var prosjektleiar for prosjektet «Det skal være lett» som vart avslutta ved årets utgang. I tillegg var rådmann i Halsa, Anita Oterholm, med som representant for eigarkommunane. Dei var synleg stolte av resultatet av oppussing, og viste oss rundt på avdelinga, slik at vi fekk sjå resultatet. Dei hadde også diska opp med ein flott og velsmakande lunch og benka oss rundt spisebordet i daglegstua. Her fikk vi også informasjon både historikk og planer for framtida – både på kort og lang sikt.

Prosjektperioden for «Det skal være lett»gikk ut ved årsskiftet, men HIPS har hauste mykje kunnskap og har gode erfaringar etter prosjekt og søkjer i disse dager om eit nytt prosjekt som kan være med og vidareutvikle avdelinga på same basisen.  det står midlertid ikkje på planer, men meir på økonomiske musklar. HIPS har ein døgnpris for sine tenester, og er nødd til å ha belegg på avdelingane for å få inn midlar for å drive for. Dette får dei ved å tilby sine tenester til eigarkommunane Halsa og Surnadal (eig 50% kvar), og andre kommunar  – mest på Nordmøre og i Romsdal.

Rådmann i Halsa, Anita Oterholm, representerte eigarkommunane og takka for den flotte gåva som har gjort oppussingsprosjektet muleg.  Ho bydde på ein røyka aurefilet frå Halsabedrifta Vorpå. Foto: Jon Olav Ørsal

Når det gjeld oppussinga som no er fullført så har den pågått heile det siste året, og Talgø har bidrege med innreiing av 4 enkeltrom og ei kombinert daglegstua/opphaldsrom med kjøkenkrok. Og på terrassen er det nytt MøreRoyal-dekke og nye hagemøblar. Frå Talgø har PU-sjef Anita Talgø vore til stor hjelp med planleggjing og planløysing for å finne gode og  funksjonelle løysingar, og brukarane har gjort mykje av jobben med å montere møblane, fortel Bjørkås.

Terje Talgø var og godt nøgd med resultatet, og sa at det var i Talgø’s ånd å være med og bidra til samfunnsnyttige prosjekt. – Han fortale om oldemora, Thora Talgø» som var ein av initiativtakarane til Todalen sanitetsforening i 1916 – og sia har det vorte støtte til mange prosjekt.  – Vi føler at slik støtte er ein del av vårt samfunnsansvar, avslutta Terje Talgø.

Møblering av terrassen høyrer også med i prosjektet. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 31. januar 2017, 13:31