Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hett & svett: Stengt for rundtvask

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. januar 2016

Onsdag kveld – 6. januar – held treningssentret Hett & Svett stengt for rundtvask frå kl 18.30 og utover kvelden, melder TILs trimgruppe. Dei reknar med å bli ferdige til rundt kl 20, så etterpå blir det ope for trening igjen. – Hett & Svett held til i bygget som tidlegare var bruka til postkontor ved sida av Matkroken Todalen.

Hett & Svett vart offisielt opna i september 2013, og er eit populært og mykje bruka tilbud for bygdefolket og TILs medlemar. Både gammel og ung har her eit godt alternativ for å halde seg i form, etter eige nivå.

No er det altså tid for ein skikkeleg rundtvask, før det blir høgsesong utover vinteren. I tillegg til trimaktivitetar er det også montert solseng i med same inngang som til treningssentret. Frå torsdag er det altså klart for full guffe igjen….

Først publisert: 5. januar 2016, 09:46 - Sist oppdatert: 6. januar 2016, 00:24