Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heldig vinnar

Dordi Jorunn Halle Onsdag 20. januar 2016

I samband med Friluftslivets år 2015 gjekk kommunane Rindal, Surnadal og Halsa saman om å arrangere søndagsturar. Prosjeketet fekk tittelen «52/17Søndagsturen» – altså 17 søndagsturar i kvar kommune i løpet av året. Målet var å ta tilbake tradisjonen med søndagstur, få folk i alle aldrar ut på tur, ikkje minst barnefamiliar. Som ei «gulrot» for å få folket ut på tur, vart det oppsett  premie for den som vart med på flest turar: Gåvekort med verdi 6000 kroner frå Kårvatn Fjellutstyr. Den glade og heldige vinnaren vart Asbjørg Vaagland frå Halsa. Ho hadde delteke på 16 av turane.

IMG_7625

Premievinnarren Asbjørg i lag med butikksjef Laila Kvendset på Kårvatn. Flott premie: Tursekk, rumpetaske, tursko med piggar, lue, sokkar til sommar- og vinterbruk og eit sett turklede. Foto: Dordi J.H.

Asbjørg var svært glad for opplegget med felles søndagsturar, slik var det lett å kome seg ut på tur og få sjå nye plassar. Etter overrekkinga av gåvekort på Kulturhuset i Sunadal tok ho og Trine Glåmen frå Halsa kommune turen til Kårvatn for å hente premien som var ein flott tursekk med turutstyr. Asbjørg synest det er synd at det ikkje blir fleire 52/17 søndagsturar, men med nytt turutstyr blir det nok mange turar i året som kjem og, seier ho. Ho synest ho var svært heldig som fekk ein så fin premie for å vere med på eit slik kjekt opplegg!

IMG_7627

Asbjørg prøver litt av premien, sekken og lua. Foto: Dordi J.H.

Arrangørane av «52/17Søndagsturen» var godt fornøgde med gjennomføringa av prosjektet. Trass mykje dårleg ver i året som gjekk, vart det 50 søndagsturar! I alt har det delteke 935 forskjellige personar som har gjennomført 1344 turar! I snitt blir det 27 personar pr tur. Turen med størst oppslutning var «Betnaneset rundt» i april – her deltok det heile 70 personar. Populære innslag på turane har vore guiding, quiz, bålbrenning, svartkjel og aktivitesløyper, i Rindal hadde dei størst oppslutning om vinterturane med skiaktivitet.

IMG_7632

Asbjørg Vaagland i lag med folkehelsekoordinator Trine Glåmen i Halsa kommune. Foto: Dordi J.H.

Representantane får dei tre samarbeidande kommunane, Lilli Husby, Morten Møller og Trine Glåmen, takka alle  friviljuge frå forskjellige lag og organisasjonar som har lagt ned eit stort arbeid for å få gjennomført dette prosjektet! Da er det berre å håpe at folk tek ut på søndagstur i 2016, og, sjølv om dette prosjektet no er historie. «Tur og trim er viktig for folekhelsa», slår dei tre fast.

FOTOKONKURRANSE

I samband med prosjektet «52/17Søndagsturen» var det utlyst ein fotokonkurranse om beste bilete frå turane. Det vart plukka ut 380 bilete til vurdering av ein jury. Premiane gjekk til:

3.premie: Ole Trygve Fosseide, 2.permie: Lars Helgetun – dei får kvart sitt gåvekort med vedri 500 kroner frå Intersport og Sport 1. Vinnaren vart Kristin Kvande Betten som får eit gåvekort på verdi 1000 kroner frå Kårvatn Fjellutstyr. Nedanfor er vinnarbiletet presentert med kommentarane til juryen.

KKBetten

«Det er humoren og «spikeren på hodet» som berger dette bildet inn til en førsteplass. 52/17 Søndagsturen hadde mye uflaks med været. Det kan dem som har gått de fleste turene skrive under på. Derfor er dette øyeblikket veldig betegnende. «Ja, sånn var det mye av»,var det en i juryen som uttalte. Det er nettopp det som gjør dette bildet så passende som vinner av bildekonkurransen. Her lages det kaffe og vafler på tross av det meste, men nordmøringen flirer og løser problemet. Sånn skal det være. Det er derfor tur er stas. Nesten uansett. Og det er derfor vi er så glad i naboene våre her i vår flotte region. Både stolt, lattermild og inspirert blir vi av dette bildet. Godt fanget av fotograf og nesten like mye skryt til de avbildede. Gratulerer med førsteplassen!»

 

 

Publisert: 20. januar 2016, 18:20