Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heimebrenning på høgt plan

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juni 2015

I dag fyrte Toril Redalen opp sin nybygde omn for brenning av porselen- og terrakottakunst saman med kunstnarkollega Siri Scherve. Å brenne på denne måten hadde Toril aldri prøvd før, og var spent på resultatet. Samtidig hadde ho besøk av tre kunstnarkollegaer som ho saman med utgjer styret i Norsk kunsthådtverkere Midt-Norge.

Dei var i Todalen for å planlegge 40-årsjubileum i foreninga, og det skal da naturligvis markerast i Todalen, seinare i år. Dei hadde litt erfaring med denne type brenning, og det vart etter kvart nokre gode råd å få for Toril.

Det er ting som ho og Siri har laga i leire, – porselen og terrakotta – som no blir brent i omnen, som held mellom 500-og 700 varmegrader. Heile prosessen tek mellom 8 og 48 timar, fortalte Toril som var utruleg spent på resultatet.  – og resultatet vart vi lova at vi skulle få sjå når det vart ferdig!

 

Publisert: 22. juni 2015, 21:12