Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hausttakkefest med markering av dåp, konfirmantjubileum og 6-årsbok

Jon Olav Ørsal Sundag 13. oktober 2019

Det var stor aktivitet under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje. Kyrkja var pynta til hausttakkefest med frukt og grønsaker for å markere at innhaustinga er ferdig.  Elles var det både dåpshandling, markering av 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1969 og ikkje minst utdeling av 6-årsbok.

Det var sokneprest Kristin Strand som heldt dagens gudsteneste i Todalen kyrkja. Foto: Jon Olav Ørsal

I dag vart Fillip Torvik Børmark båret til dåpen, og det var dåpshandling saman med foreldre, faddere og familie.  Vidare var det markering av 50-årsjubileet til konfirmantane frå 1969 som fikk kvar si historiebok om Todalen kyrkje som jubileumsgåve. Utdeling av 6-årsbok var det også – Natascha Maria Nordvik utviste stort mot og presenterte seg sjøl framfor menigheta da ho fekk boka med leiar i soknerådet Britt Mossing. Under gudstenesta var det nattverd og takkoffer til trusopplæringa i menigheta. 

Dåpshandling – Fillip Torvik Børmark saman med foreldre og faddrar. Foto: Jon Olav Ørsal

Natascha Maria Nordvik fikk i dag 6-årsboka og presenterte seg sjølv for menigheta. Foto: Jon Olav Ørsal

50-årskonfirmantane fikk jubileumsboka for Todalen kyrkje som gåve. Frå venstre Knut Halset og Marie Hyldbakk Ovesen saman med sokneprest Kristin Strand og leiar i soknerådet Britt Mossing.

 

Først publisert: 13. oktober 2019, 12:35 - Sist oppdatert: 14. oktober 2019, 15:29