Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Haustfest for Start 4H

Haustfest for Start 4H

Marte Talgø Måndag 2. november 2009

Søndag kveld var det haustfest på Todalen Skule. Dørene opna klokka 18.00, men sjølve arrangementet byrja klokka 19.00.

På haustfesten hadde alle 4H-arane frå Start 4H stilt ut oppgåvene sine. Det var mange fine ustillingar og nok med folk. Det var suppe til dei som ville ha, og etter ei stund blei det også kaffe og kaker. Mykje god servering!

Inni alt dette var det også loddsal, bildeframvisning får dette 4H-året, trekning og utdeling av diplom, sølvskeier og merker.

Det var faktisk siste haustfesten til Gudbjørg Høgstad som går av til sommaren 2010. Det var litt trist, men eg synes ho var heldig sidan ho fekk koma til Todalen på sin siste haustfest. Men alt i alt var det ein vellukka kveld.

Først publisert: 2. november 2009, 23:03 - Sist oppdatert: 28. juni 2010, 04:28