Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Harmlaus stormflo

Jon Olav Ørsal Måndag 16. desember 2013

Måndag var det meldt storflo med mellom 40 og 80 ca høgare vannstand enn vanleg. Med stormvarsel frå Stadt til Helgelandskysten i tillegg kunne det har vorte skikkeleg stormflo i 10.30-tida i dag.  Stor flo var det, men vi har nok hatt mykje høgare målingar ved tidlegare høve.

Stormflo_7393

Eit yrande fugleliv i flomålet på Kvennsetøran. Øverst til høgre i biletet ser vi floa i forhold til husa i Furuhaugen. Foto: Jon Olav Ørsal

Sørvestleg vindretning gjorde nok at stormen gikk forbi på ytre strøk denne gongen, og i Todalen har det gjennom dagen vore lite vind. Høg flo denne veka er knytta til månefasen vi er inne i, med fullmåne tysdag 17. desember. I Kristiansund var floa i dag 56 cm over normalt nivå. Tysdag er det flo kl 11.04. Det er og tidspunkt for måling i Kristiansund, og i Todalen er nok floa på sitt høgste eit kvarters tid seinare.

Hegre_kvennset_7396

Ein hegre sitt og ventar på lettvint mat når floa går ned igjen. Foto: Jon Olav Ørsal

Hageland_7400

Ved Hageland og Byggmakker i Surnadal var det ein stor halvmeter att, før floa nådde parkeringsplassen. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalsora_7392

Todalsøra såg slik ut frå Kvennset. Det er ikkje så mykje som skal til før handelsmann Nordvik blir våt på føtene i kontoret i kjellaren på Nerbu! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. desember 2013, 18:40