Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har stått på for fullt – no blir det påskeferie

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. april 2020

På Talgø Møretre har det vore full fart og oppkjøring til ny sesong, sjølv om vi er midt i ei «koronatid», fortel marketingsjef Heid Snekvik til Todalen.no.  – Vi tek sjølvsagt alle forsiktigheitsreglar for tilsette og kundar på største alvor og prøvar å ta godt vare på kvarandere.  Talgø Marketing har laga ein flott film, som vi gjerne vil distribuere for å vise korleis det blir jobba og korleis verdiane og folket blir tekne vare på….

Filmen viser litt om korleis Talgø Møretre leverer for fullt, og kor viktig det er at vi i denne tida handlar norskprodusert  for å verne om arbeidsplassane både lokalt og nasjonalt – og ikkje minst at det er trygt å handle hos forhandlarar som har gode og trygge ordningar for slikt, seier Snekvik som vidare fortel dei fleste på Talgø MøreTre no tek ein velfortent påskeferie.  

Snekvik nyttar høvet til å helse god påske både til tilsette, forhandlarar og alle andre, og ber om at vi tek vare på kvarandre i ei vanskeleg tid. 

Klikk på biletet eller på linken så startar filmen!

Klikk på bildet så får du sjå filmen som er laga om Talgø MøreTre!

 

Publisert: 8. april 2020, 09:30