Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har starta husbygging i Bekkerhagan 10

Jon Olav Ørsal Sundag 1. november 2015

Denne veka kom tomtearbeidet i gang i Bekkerhagan. Det er Siri Skjerve og Anders Gjeldnes som har starta sitt byggeprosjekt, og Gjeldnes Maskin har i løpet av nokre dagar opparbeidd tomta og gjort den byggeklar.  – Neste veke startar vi med støyping av ringmur og plåte, og da vil det gå slag i slag framover, seier Anders Gjelnes til Todalen.no.

Tomtearbeid_GjeldnesMaskin_3920

Per Gjeldnes Maskin i gang med utgraving av tomta i Bekkerhagan 10. Foto: Jon Olav Ørsal

Han fortel at dei har kjøpt eit gamalt tømmerhus i Rissa på Fosen, og huset er no revet og transportert til Todalen. Det er ei lita trønderlån som skal bli basisen for det nye huset dei skal byggje i boligfeltet i Bekkerhagan. – Dersom alt går etter plana så skal det nye huset kome under tak til jul, seier Anders. Bygget har ei grunnflate på 102 m2, og blir i to etasjar og mørkloft.

Laurdag ettermiddag trefte vi Anders og borna Selma (6) og Ådne (3) da dei var bortom tomta for å inspisere tomtearbeidet. Ola Gjeldnes var i full gang med å komprimere og klargjere tomta for bygging, medan Per Gjeldenes førebudde tilkopling til vassverket, og før dei tok helg var tomta klar for byggjestart i neste veke. No gler vi oss berre på å kome i gang med bygginga, seier Anders Gjeldnes til Todalen.no. Bekkerhagan 10 blir adressa til den nye heimen til familien Gjeldnes/Skjerve.

Tomtearbeid_GjeldnesMaskin_3972

Ola Gjeldnes komprimerer massen – no er det klart for byggjestart. Foto: Jon Olav Ørsal

Riving Rissa 0217

Dei siste par vekene har det pågått arbeid med demonteringa av tømmerhuset i Rissa og transport til Todalen. Foto: Anders Gjeldnes

Rissahuset_2661

Her er vindu og bordkledning demontert, og tømmerveggane kjem fram i dagen. Foto: Anders Gjeldnes.

 

 

Publisert: 1. november 2015, 09:31