Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du peiling?

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. september 2017

Kva er dette for slags reiskap, lurer Nils Gjeldnes.  Da han og kona Synnøve overtok husa på Snøya for nokre år sia, kom det for dagen mykje gamalt utstyr og reiskap som har vore bruka av dei 4 søskena som bodde der i gamle dagar.  No lurer altså Nils på kva dette er for slags utstyr?

Ein raritet av eit reiskap – man kva har det vore bruka til? Ta kontakt dersom du har eit tips til oss. Foto: Jon Olav Ørsal

Det vart funne i ei reiskapskiste som var lagra på mørkloftet på Snøya.  Det ser ikkje ut for å være heimlaga, men heller som det er framstilt i industriell produksjon.  Nils har vist det fram til mange i årenes løp, men det er ingen som har nokon idè for kva dette er brukt til.  Har du peiling?  I så fall må du ta kontakt med oss på e-post: red@todalen.no, eller direkte med Nils Gjeldnes på telefon 986 59 506.  Kanskje vi kan klare å løyse dette mysteriet?

Publisert: 28. september 2017, 11:34