Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du lopper til loppemarknaden?

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juni 2015

Fotballgruppa og Trim/allidrettsgruppa har lang tradisjon med loppemarknad under Todalsdagen, og no er det tid for å rydde litt i garasjen, på loftet eller på andre plassar – kanskje du har saker og ting som du kan gi bort til oss som lopper, lurar Borghild Talgø i Todalen idrettsalg. Alt er av interesse, men må være i god stand. Spesiell fokus har vi på leiker og andre ting til born dette året, fortel ho til Todalen.no

Loppegjengen tek i mot lopper torsdag 25. eller fredag 26. juni i tidsromet 18.30 – 20.30 eller etter avtale. Laurdag 27.  kan du levere heilt fram til kl 10 – når vi opnar loppemarknaden.  Har du problem med transport på loppene så er det berre å ta kontakt med Borghild på telefon 908 41 614, så ordnar vi det.

Vi har mykje rart å by på, fortel Borghild. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Borghild fortel vidare at dette er ein god inntekspost for dei to gruppene i idrettslaget. I fjor kom det inn heile 23.000, som kjem godt med i drifta av laget, – og vi takkar så mykje for det!  Så her er det berre å hive seg i rundt og sjå kva som kjem fram – og kva som er til overs!

Først publisert: 24. juni 2015, 19:14 - Sist oppdatert: 26. juni 2015, 16:40