Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Har du flyfoto?

Har du flyfoto?

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. oktober 2013

Laurdag 23. november arrangerer Todalen historielag «bokbad», med lansering av det nye årsskrift for 2013. Dette arrangementet var opprinneleg planlagt til  påfølgande søndag, men da er nok mange opptekne med cupfinalen på Ullevål, og den er det nok ikkje lurt å kollidere med, seier John Moe i Todalen historielag.  Men laurdag 23. november, utpå ettermiddagen, blir det altså arrangement i Todalen ungdomshus. John fortel vidare at eit av programinnslaga denne dagen blir temautstilling av flyfoto. Historielaget oppfordrar derfor alle som har flyfoto som kan stillast ut til å ta kontakt.

Det kan væra både nye og gamle flyfoto, både store og småe – alt er av interesse, seier John Moe, som gjerne kjem og hentar dersom det er ønskeleg.  Elles blir det folk tilstades torsdag 21. november for å ta i mot flyfoto for å låne disse til utstillinga. Historielaget har god tru for at dette kan bli ei aktuell og interessant ustilling, og det blir nok mang ein diskusjon i kjølvatnet av denne utstillinga. Ta gjerne kontakt med John Moe i Todalen historielag på telefon 920 48 856

Publisert: 30. oktober 2013, 05:00