Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hans Rotmo og Henning Sommerro – «Vårres Jul» 40 år

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. november 2020

I 2020 er det 40 år sidan Hans Rotmo gav ut plata «Vårres Jul». Rotmo har altså i 40 år gleda det norske folk med sine folkelege juletekster gjennom sitt underfundige univers av rollefigurar. 40-årsjubileet for utgjevinga av «Vårres Jul» blir markert med konsert med Rotmo og Sommerro på Surnadal kulturhus torsdag 19.november klokka 19:00.    

Da Hans Rotmo endeleg bestemte seg for å ta konsertframsyninga «Vårres Jul» ut til folket gjennom turneen «Vårres Jul» i 2010, vart publikumsresponsen enorm, og slik har det vore kvar førjulstid sidan. 

Ein slik suksess skal ein sjølvsagt ikkje ta lett på, så Hans Rotmo og Henning Sommerro har lagt seg i «hardtrening» før «Vårres Jul» turneen i 2020 – og dei garanterer at det kjem ein ny song, i tillegg til dei «gamle» gode slagarane. 

Bilde av CD-coveret til Vårres Jul

– Så da blir det nok både julegitar, koteletta, pøls og steik og kanskje kjem a Märtha Dahla og baker goro. Det blir i alle fall garantert julestemning når Hans Rotmo og Henning Sommerro byr opp til «Vårres Jul» 40 år på Surnadal kulturhus torsdag 19.november kl. 19:00

Billetter får du kjøpt ved å trykke på lenka: «Vårres Jul» 40 år

 

Publisert: 2. november 2020, 07:30