Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hamna på 6.-plass i første øving

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mars 2018

Nils Erik Ulset kan vel nærast reknast som reserve-todaling etter at han og sambuar Ingrid Kvendset Hagen kjøpte Teigen tidlegare i vinter. No er Nils Erik i Pyeong Chang, der han er deltakar i Paralympics.  Fredag var det opningsseremoni og natt til i dag (norsk tid) deltok han i den første øvinga som var 7,5 kg ståande skiskyting.

Ulset hadde 2 bom på første skyting og ein bok i siste.  Dermed havna han på 6.-plass i den første øvinga, der franskmannen Benjamin Daviet vann med 2,26 minutt betre tid. Eit av dei store problema i Pyeong Chang både under OL og Paralympics har vore den sterke vinden. I skiskyting slår dette lett ut og fører lett til at det blir bom. 

Men det kjem fleire øvingar, og vi prøver å følge med på det som lokale krefter presterer under øvingane i Pyeong Chang.

 

 

Publisert: 10. mars 2018, 11:53