Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Halsa Cup, dag 1.

Halsa Cup, dag 1.

Elinor Bolme Laurdag 25. mai 2013

Også i år er det lokal deltakelse på Halsa Cup. Vi har fått tilsendt ein heil del bilder frå både G10 Søya/Todalen og J10 Søya/Todalen. Etter tilbakemeldingane frå J10, så gjekk ikkje resultata vegen for jentene, men stemninga var på topp for det. G10 Søya/Todalen stilte med to lag, der det tilsaman vart 2 seirer, eitt uavgjort og tre tap.

Veret var også i år på lag med arrangørane, med opphalds men tildels sur og kald vind. I morgon er det eitt G12 lag herifrå som skal i aksjon og vi kjem vel attende med nokre bilder derifrå i kveldinga. Til så lenge kan de sjå alle bidraga frå dagens kampar under. Fotografar er Agnete Olsen Øyen, Ola Einar Øyen, Monika Klungervik og Jostein Bruset. Stor takk!

Publisert: 25. mai 2013, 22:10