Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hageland blir «Juleland» i nokre veker

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. november 2020

Hageland markerer i dag at julesesongen har starta for alvor, og kan vel nærast kalles for Juleland no i vekene fram mot jul.   Butikken ber iallfall preg av at jula nærmar seg og har fått alle julevarer på plass og det har vorte skikkeleg julestemning i butikken og feirer sesongstarten med langope til kl 22 torsdag kveld, og med 30 % rabatt på alle julevarer til og med laurdag.  Hageland Surnadal er vel faktisk Nordmøres største hagesenter og held til på Syltøran i Surnadal.  I desember vil det også bli søndagsope dei 3 søndagane før jul. 

Torsdag ettermiddag var det mange som var innom hagesentret, der det er lagt opp til trygg handel.  I den store butikken er heile det oppvarma arealet i bruk, så det er god plass til dei som kjem for å handle.  Det er også skikkelege rutinar og oppfølging gjennom handlerunden, slik at det er lett å halde trygg avstand både til betjening og andre kundar.  Ein fordel er det også å starte julehandelen såpass tidleg, slik at ein får spredd handelen –  det kan også være lurt å starte handen tidleg på dagen for den som har høve til det. 

Prøva godstolen – May Iren Hoen får gode møbelråd med Anita Talgø frå Hageland. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi tok ein runde i «Juleland» og har lagt ut nokre bilder for å vise litt av julestemninga som no er på plass.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. november 2020, 17:36