Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gullkongekveld i Stangvik

Anita Land Fredag 22. mars 2019

Stangvik Grendalag arranger Gullkongekveld torsdag 28. mars. Forfattar Svein Sæter fortel om «Gullkongen» Fredrik Bruseth, som drog frå Stangvik til Amerika for å betale på gjelda som faren streva med å handtere.

Fredrik Bruseth var ein av dei første som kom til Klondike nord i Canada, etter verdas utan samanlikning største gullfunn. Han kom heim som ein svært rik mann. Svein Sæter har reist i fotspora til Bruseth, og har lese breva han sendte heim frå Klondike. Sæter skreiv i fjor musikalen «Stjernestøv», inspirert av «Gullkongen» og andre gullgravarar frå Nordmøre.

Mange prøvde lykka i Amerika og Canada, men svært få kom rike heim. Fredrik Bruseth var god for fleire titals millionar kroner i dagens pengeverdi.

Korleis det gjekk til vil Svein Sæter fotelje om i Bondehuset i Stangvik torsdag 28. mars klokka 19. Det blir sal av mat og drikke, pluss bøker. Inngang kroner 100.

 

Forfattar Svein Sæter har reist i fotspora til Bruseth. Her er han fotografert på staden Bruseth fann gull, Eldorado Creek i Klondike.

 

Først publisert: 22. mars 2019, 05:31 - Sist oppdatert: 21. mars 2019, 22:36