Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste – presenterte neste års konfirmantar

Jon Olav Ørsal Søndag 17. september 2017

Søndag var det gudsteneste i kyrkja, der mellom anna presentasjon av dei kyrkjelege konfirmantane for neste år vart presentert.  Det var prost Leif endre Grutle som var vikarprest, da det enno ikkje er tilsett ny prest i Stangvik prestegjeld. 

Prost Leif Endre Grutle var vikarprest i Todalen kyrkje søndag. Han fortalte at det blir jobba for fullt med å skaffe ny prest i den ledig prestestillinga i Stangvik prestegjeld. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var forresten ikkje berre presten som var på vikarbasis, for Bernt Bøe som no er pensjonist var organist-vikar og Borghild Talgø var klokkarvikar for høvet, og las dagens tekster.  Prost Endre Grutle var som sagt vikarprest i dag. Som prost er det hans ansvar å tilsette ny prest i Stangvik prestegjeld, og han fortalte at det blir jobba for full med å skaffe ny prest. Samtidig ga det eit høve for han sjølv til å ta ein todalstur for å vikariere.  Tema for dagens gudsteneste var 500-årsjubileet for den kyrkjelege reformasjonen, og dette skal markerast i til sammen 4 gudstenester i løpet av hausten. 

Elles ønska han dei 4 kyrkjelege konfirmantane i 2018 velkomne. Dei står på terskelen til eit spennande liv, og deltek i konfirmantopplæringa med sokneprest Vidar Rygh saman med konfirmantane i Surnadal. Den vil foregå gjennom heile vinteren og fram til konfirmasjonen til våren.

Borghild B. Talgø var tekstlesar og vikar for klokkaren under dagens gudsteneste. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. september 2017, 14:46