Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste med 6-årsbok og kyrkjeskyss

Elinor Bolme Onsdag 29. mars 2017

Førstklommande søndag er det igjen gudsteneste i Todalen kyrkje.  Da er det utdeling av 6-års bok og soknerådet oppfordrar derfor fadrar og besteforeldre til å ta fylgje med barn og foreldra til
kyrkja.

Soknerådet har sett seg mål å få fleire til å kome på gudstenestane framover. I den anledning tilbyr dei no kyrkjeskyss til dei som har behov for dette. Det kan ringast og sendast sms til Anders Gjeldnes så vil sjåfør rekvirerast! Avstand innanfor rimelegheitas grenser naturleg vis, men vi  skal prøve å kome alle forespørslar i møte, fortel Anders Gjeldnes i soknerådet. Om nokon vil bidra som frivilleg sjåfør kan dette òg meldast frå til Anders.

 

Sjå gudstenesteplakaten her: Gudsteneste 2 april

 

Publisert: 29. mars 2017, 09:30