Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Grunnboring pågår i Falla

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. desember 2016

To personar frå firma Norconsult er forlengst i gang med grunnboringa i Falla, og reknar seg ferdig med jobben seinast torsdag.  I mellomtida er vegen reparert med utskifting av blautmasse og leire til ny steinfylling, men Surnadal kommune avventar resultatet av boringane før dei tek stilling når vegen kan opnast.

To personar frå Norconsult dreiv med grunnboring da vi stakk innom ein snartur, og dei kunne fortelje at dei kom ned til mellom 30 og 40 meter før dei trefte fast fjell. – No var dei i gang med å sjekke konsistensen på massane, slik at dei kunne sjå kor mykje vatn som finnst i massane i området. Resultatet vil kanskje foreligge alt i morgon torsdag, trudde «vegsjef» Terje Forberg da vi snakka med han på telefon i dag.

Venta på at grunnborarane skulle gjera seg ferdig. Frå venstre Per Gjeldnes, Anders Solenes, Alf Magne Sande og Arne Gjeldnes. Foto: Jon Olav Ørsal

Klart for montering av glidekantar igjen. Norconsult held her på med grunnboring på vegen i Falla. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. desember 2016, 14:32