Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Grøa G9/10 – Søya/Todalen G9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 27. august 2020

Onsdag kveld var det G9/10 kamp mellom Grøa og Søya/Todalen på Grøa stadion. Dette var Søya/Todalen sin andre kamp i årets forkorta sesong. Spel- og resultatmessig vart denne kampen ein stor opptur i høve til første kamp mot Tingvoll.

Grøa G9/10. Foto: BGA

I starten veksla laga på leiinga, men utover i kampen vart det til at Grøa låg eit lite «hestehovud» føre i målprotokollen. Då ein ung og god dommar bles i fløyta for siste gong måtte bortelaget konstatere at heimelaget hadde scora litt fleire mål enn dei. Men Søya/Todalen spela ein verkeleg god kamp med mykje fint spel, mange gode angrep og 7 scoringar. Dette lover godt for kampane som kjem utover i september. Desse spelarane var med frå Søya/Todalen:

                Erlend S. Polden

                Trygve Aleksander Halle

                Magnar Vikan

                Ailo K. Røen

                Jens Sancho Ansnes

                Jakob Ranes

                Sindre K. Rodal

                Anders Dalsegg Bruset

                Lars Ailo J. Gjeldnes

                Ådne Gjeldnes

Torsdag 3.september spelar Søya/Todalen heimekamp på Bordholmen kl. 18:00 mot Surnadal 1. Så då blir det høve både til å sjå god fotball og ta ein kaffikopp med noko attåt.

Koronatilpassa helsing. Foto: BGA

Publisert: 27. august 2020, 07:55