Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Grønsåpelukt i klubbhuset

Grønsåpelukt i klubbhuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. april 2012

Med kvinneleg ledar både i hovudstyret og i fotballstyret i Todalen I.L. er det naturleg at det vart sett prioritet på rundtvask i klubbhuset på Bordholmen. Torsdag kveld samla dei både hovudstyret og fotballstyret til dugnad, og da vart det fart i sakene. Det vart rydda og brent, og heile klubbhuset vart reingjort frå gulv til tak. Og før dei ga seg var det grønsåpelukt over heile huset.

Klubbhuset vart teke i bruk i 1981, etter to år med planlegging og mykje dugnadsarbeid. Heile huset vart pussa opp da Todalen Idrettslag feira 100-årsjubileum i 2008, og no var det nok på tide med ein skikkeleg rundtvask.

I galleriet finn du fleire bilder frå vaskardugnaden.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. april 2012, 21:00