Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt oppmøte på Kløverrusletur i Småbåthamna

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. september 2017

Kløverrusleturen måndag 11. september gjekk frå Matkroken og utover til Småbåthamna. Oppmøtet var godt, det er tydeleg at mange synest det er triveleg å ha turfølgje på trimturen. Veret var bra, litt sol og litt vind, men heldigvis var det mild landvind og ikkje kald nordvest.

Kaffelag er kjekt. Frå venstre: Jenny, Lovise og Ingrid T. Foto: Dordi J H

For å få kvileplass til alle hadde Jorunn flytta hagemøblane sine ned til Småbåthamna og pynta med dukar og blomster. Etter kvart vart det kaffelag med god servering; her var det både riktig gode kanelsnurrar og bakels med graut og heimelaga moltesylte, det siste er nok skikkeleg «furkunjmat» for mange. Triveleg og god prat rundt borda; trur vi kan vere einige om at Kløverrusleturane er eit godt trivselstiltak i bygda.

Her er dagens bursdagsbarn Ingrid (til høgre) i lag med mor si og Arndis. Foto: Dordi J H

På dagens tur var det også med eit bursdagsbarn, nemleg Ingrid Pedersen; så for første gong på Kløvertur vart det bursdagssong. Ingrid hadde følgje både av mor Ingunn og bestemor Jenny på turen, altså tre generasjonar med på Kløverrusletur i dag. Slett ikkje verst!

Kjekt med Kløverrusletur. Foto: Dordi J H

Det er greitt for mange at utgangspunktet for turane er butikken vår, for da kan ein kombinere skyssen til Kløverturen med ein handlerunde. I dag kunne skyssen til og med kombinerast med tur opp til skulen for å stemme.

Neste måndag blir det Kløvertur til Hjellnessetrene, og om fjorten dagar er det plana å ha ny rusletur.

Fleire bilete frå Kløverrusleturen i Småbåthamna 11. september:

På tur heimatt. Ingeborg (til venstre) og Grete. Foto: Dordi J H

Karen Johanne og Lovise (til høgre) er også på tur heimover. Foto: Dordi J H

Det er godt å vere ute, møtast og prate i lag rundt eit kaffebord. Foto: Dordi J H

Rusletur i Småbåthamna. Foto: Dordi J H

Publisert: 11. september 2017, 23:09