Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt med god mat!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 9. februar 2016

Tysdag serverte Todalen bondelag lunsj til små og store ved Todalen oppvekstsenter, – noko som dei har gjort i mange år. Bondelagslunsjen er slik blitt ein god og triveleg tradisjon.

20160209_111119_resized

Blide ungar som synest bondelagslunsjen er topp! Foto: Torill Gjeldnes.

Vanlegvis skjer dette 6. februar. Da kjem sola att til oppvekstsenteret etter tre månader bak fjella, og så er det også samefolkets nasjonaldag – altså mange grunnar til å ha ein festdag. Men i år fall denne dagen på ein laurdag og  dermed vart feiringa utsett. Og i dag vart det til og med ein gløtt av sol!

20160209_113713_resized

Godt med mat. Frå venstre: Selma, Nicole og Aleksandra. Foto: Torill Gjeldnes.

 

20160209_113808_resized

Tor Asbjørn, Edel Therese og Sivert nyt maten. Foto: Torill Gjeldnes.

Frå bondelaget stilte i dag leiaren i bondelaget, Ola G. Kvendset, Per Åke Jakobsson og Sven Olav Svinvik. Ola Kvendset fortalde litt om maten dei serverte: nydeleg brød som var steikt i gammaldags steinomn i Steinarstuå, koka egg frå Pestuå og kakaoen var laga av mjølk frå Viastuå – kortreist mat! Skuleungane hadde baka solbollar, og barnehagen stilte med appelsin, –  gul som sola! Maten smaka kjøle godt og gjekk ned på høgkant!

20160209_105010_resized

Sunn mat! Foto: Torill Gjeldnes.

20160209_114442_resized

Sjølvbaka solbollar smaka godt! Foto: Torill Gjeldnes.

Alle både i barnehagen og i skulen set stor pris på at Todalen bondelag kjem på besøk og samstundes serverer så god mat. Dei er velkomne att neste år!

20160209_105040_resized

Det vart sol både inne og ute. Foto: Torill Gjeldnes.

20160209_111100_resized

Mykje godt på lunsjbordet! Foto: Torill Gjeldnes.

 

 

 

 

 

Publisert: 9. februar 2016, 19:52