Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. februar 2019

Under årsmøtet i Sanitetsforeninga tysdag 5. februar vart kunstlotteriet for 2018 avslutta, og biletet vart trekt under nøye oppsikt av årsmøteforsamlinga. Det var seld 545 lodd, og den heldige vinnaren vart Per Reiten, og han var ikkje sein om å møte opp for å ta i mot måleriet. Per var gledeleg overraska, han synest biletet var riktig så fint og skulle nok finne ein høveleg plass til kunstverket av Sissel Storslett heime i Ørsalgeilen.

21 medlemmer var oppmøtte i Sanitetshuset da leiar Maren Ansnes ønskte vel møtt. Årsmelding og rekneskap syner at Sanitetsforeninga også i 2018 har hatt god og variert aktivitet med eit vidt spekter:

  • Medlemstal 94
  • 11 medlemsmøte og 10 styremøte
  • Foredrag med «Hesesista» Tale Krohn Engvig både for elevane ved Ungdomsskulen og Vidaregåande skule i Surnadal. Krohn Engvig er «digital helsesøster» for heile landet, og ho tok opp svært aktuelle tema for ungdommen under tittelen: Livet er godt og livet er vondt ……. . Viktig og vellukka arrangement!
  • Russ 2018, samarbeidsprosjekt med Surnadal sparebank for å legge til rette for ei god russetid.
  • Meningokokkvaksinering. Spleiselag for å gi russen tilbod om gratis vaksine.
  • Gjennom NKS støttar Sanitetsforeninga åtte viktige fond for å støtte forskning på kvinnehelseproblem, kreft, osteoporose, arbeid for betre psykisk helse mellom barn og unge osb.
  • Kvinnehelsedagen som NKS sentralt arrangerer i Oslo, vart streama og vist på storskjerm i Ungdomshuset + god middag.
  • Organiserer tilbod om fotpleie 4 gonger i året.
  • Drift og vedlikehald av Sanitetshuset med møterom og 4 leiligheiter.
  • «Fredrikkekaffe»/strikkekaffe om lag kvar tredje laurdag – sosialt, og  godt oppmøte
  • Leseven for ungane ved Todalen oppvekstsenter, bokgåve er overlevert.
  • Kløverturar og rusleturar – 31 turdagar i løpet av året.
  • Ope møte der fysioterapeut Ingrid Kvendset Hagen heldt foredrag med tittel: «Vaksne og eldre skal også sveitte». Stort oppmøte, god blanding av kvinner og menn.
  • Rekneskapen synte at 2018 gjekk godt økonomisk.

Dette var nokre av punkta i årsmeldinga.

Tillitsvalde i Todalen sanitetsforening. Fremst frå venstre: Dordi Jorunn Halle, Maren Ansnes, Kari Kvendset, Ingrid Pedersen. Attom frå venstre: Jorunn Hals Ørsal, Ragnhild Ansnes Moe, Kristine Saksen Ulvund, Åse Ville Redalen, Synnøve Hole Talgø, Anne Helene Teilgård Halset, Steffi Bohle. Bak kamera: May-Elisabeth.

Under budsjettbehandlinga vart det vedtak om å skifte ut alle fem sikringsskåpa i Sanitetshuset – dette for å auke brannsikkerheita. Vidare vart det bestemt å kjøpe inn ny og fin fane til laget, så no er det berre å håpe at ho blir ferdig til 17. mai!

Valet gjekk riktig radig, nesten alle tok attval. Men Marit Sanden Søyset takka for seg i husstyret etter mange år. Ho fekk velfortent takk for stor og god innsats av leiar Maren. Nytt medlem i husstyret vart Synnøve Hole Talgø.

Etter valet er desse tillitsvalde i Todalen sanitetsforening:

Leiar Maren Ansnes, nestleiar Kari Kvendset, kasserar Ragnhild Ansnes Moe, sekretær Kristine Saksen Ulvund. Styremedlemmer: Åse Ville Redalen og Ingrid Pedersen. Varamedlemmer: Steffi Bohle og Dordi Jorunn Halle. Husstyret: Anne Helene Teilgård Halset og Synnøve Hole Talgø. Valnemnd til neste år er Jorunn Husby og Åshild Halle.

Årsmøtelyden. Fremst: Sigrun, Maren, Jenny, May-Elisabeth, Ingrid. Attom: Dordi, Ragnhild, Helga, Kari, Jorunn, Marit, Liv, Kristine, Åse Johanne, Arndis, Synnøve, Helen, Jorunn, Anne Helene, Steffi. Foto: Dordi J H.

Under medlemsmøtet etter årsmøtet la leiaren i Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen, Jorunn Hals Ørsal, fram årsmelding og rekneskap for gruppa. I samarbeid med dei andre sanitetsforeiningane i kommunen utgjer dei Sanitetens omsorgsberedskap i Surnadal kommune. Lokalt har dei invitert bygdefolket til festmiddag to gonger i løpet av året – populært, og ikkje minst så stilte dei som vakt på russeballet i Myrvang før jul. Medlemmene i omsorgsberedskapsgruppa i 2018 var: Jorunn Hals Ørsal, Åse Ville Redalen, May-Elisabeth Holten, Karen Johanne Talgø og Steffi Bohle.

Maren Ansnes takka medlemene for iver, innsats og vel utført arbeid i året som gjekk! Ho retta ein spesiell takk til dei som har hatt ansvar for leseven, strikkekaffe og Kløverturar!

Det var god stemning på årsmøtet, medlemmene syntest klare for nok eit aktivt arbeidsår! Sanitetsforeninga er viktig både for bygda vår og for kommunen – vi ønskjer dei lykke til med arbeidet framover!

Anne Helene, Ingrid og Ragnhild sørga for rett trekking. Foto: Dordi J H

Og så vart det både god kveldsmat, nydelege kaker og kaffe! Foto: Dordi J H

 

Publisert: 6. februar 2019, 01:13