Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gaupa besøkte gardstunet om natta

Jon Olav Ørsal Måndag 16. februar 2015

Den siste tida er det gjort stadig fleire observasjonar av gaupe. Fredag morgon var det ferske gaupespor i nysnøen gjennom gardstunet i Todalshaugen, fortel Johan T. Hals. Han viser oss gaupespora som enno søndag kveld er godt syneleg på ein snøflekk i utkanten av tunet. I helga var Todalshaug ein tur oppå setra, og der var det ferske gaupespor rundt seterhuset, og under verandaen i framkant av seterhuset. Det er et ord som seier at når du begynner å sjå rovdyra, så er det mykje av dei.gaupespor_4130

Johan fortel også om unormal oppførsel av katta fredag morgon. Den brukar å være ute om natta, men er klar til å sleppes inn når Johan og kona Dordi står opp om morgongen. Denne morgonen var katta borte. Men etter å ha kalla på ho kom ho fram i døropninga på fjøset, men var tydeleg skremt av eit eller anna. Ho var rett og slett litt oppskjørta, men roa seg etter kvart når vi fekk ho med inn i stova, fortel Johan.

Gaupa som Ola Halle fotograferte i åmrådet ved Hjellnessetra for eit par år sia.

Gaupa som Ola Halle fotograferte i åmrådet ved Hjellnessetra for eit par år sia.

Gudmund Kvendset mista fleire lam til gaupa i fjor vår, og hadde nok sett at det hadde vorte gjort tiltak for å redusere bestanden. Men no er jaktkvoten for gaupe alt fylt fylt her i området – ei gaupe vart nemleg felt i Orkdal, og året kvote for gaupejakta var berre på eit dyr i år. – Det er ganske fortvilt å sende sauer på fjellbeite med så mykje rovdyr – både gaupa og jerven har dei siste åra herja i saueflokken til Gudmund.

Gaupebesøk i gardstunet har det også vore på Talgø gård i helga – Anita Talgø melder at gaugpa har vore ein svipptur innom gardstunet natt til laurdag. Der i området har det også tidlegare vore gjort fleire observasjonar av gaupe det siste året.

Publisert: 16. februar 2015, 05:00