Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Går vi mot avvikling av det nasjonale forsvaret?

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. november 2016

Brukar vi ostehøvelen på forsvarsbudsjettet år etter år, til det ikkje er noko igjen – eller går vi mot avvikling av det nasjonale forsvaret av Noreg? Dette var sentrale spørsmål som Lars Myraune stilla da han heldt foredrag for eit lydhørt publikum i Svorkasalen måndag kveld. Det var Indre Nordmøre Forsvarsforening som var arrangør og som hadde skaffa seg presidenten i Norges Forsvarforening,  Lars Myraune, som foredragshaldar.

Lars Myraune kjem frå ein lang karriere i forsvaret med 40 års fartstid, der han runda av som generalmajor i 2003 . I tillegg har han 6 år som ordførar på Frosta og ein periode attafor seg på Stortinget, for partiet Høgre.

Og det var ikkje vanskeleg å høre at det var ein mann med lang erfaring vi hadde på talarstolen.  Vi fekk interessant innføring i situasjonen i forvaret og ein oversiktleg og grei orientering om situasjonen i Europa og verda elles.  Han sette spesielt fokus på det vi kallar hybridkrigføring, som tek sikte på å skape konflikt utan at nokon treng ta ansvaret og på ein slik måte utnytte situasjonen på andres bekostning. Eksempelvis slik som Russland gjorde i Ukraina og på Krim. Der vart befolkninga feilinformert og gjort forvirra, og til slutt enda det opp i konflikt med russiske soldatar.

modernekrigforing_6478

Moderne krigføring. Det blir vanskeleg å drive oderne krigføring med budsjett som det er bruka ostehøvel på i fleire år. Illustrasjon Forsvaret

Myraune skildra at det same kan skje med Svalbard, der fleire land og særleg Russland har kolliderande interesser med Noreg. Kina har og vist stor interesse for Svalbard interessa for Arktis er generelt stigande, sa Myraune. Den siste stunda bruka Myraune på å belyse situasjonen i Midt-Austen, generelt og Syria spesielt. Han la vekt på å forklare historikken og den etniske bakgrunnen for folk i området. Myraune belyste problema og såg vel eigentleg ikkje noko endeleg løysing på problematikken med omfattande terror og anna uro.

Myraune kommenterte berre så vidt det amerikanske presidentvalet, der resultatet kom noko overraskande på han.  – Eg håper berre at maskineriet rundt han vinn fram og sørgjer for stabilitet, sa Myraune til slutt.

Eit minne – Myraune fikk eit maleri til minne om turen til Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 15. november 2016, 10:41