Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
G-19 slo Molde 3-1

G-19 slo Molde 3-1

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mai 2012

Todalen/Søya G19 slo i kveld Molde G19 3-1 i ein kamp på gamle Molde stadion, fortel manager Terje Nordvik på telefon. Molde kom best i gang frå starten, og leda med eit mål allereie etter 1 minutt. Etter 40 minutt utligna TSKU med Erik Vådal, og det vart pauseresultatet. Etter pausen fortsette kampen i jamnt spel, men etter 65 minutt la Kristoffer Nordvik på til 2-1. 4 minutt før slutt auka Marcus Lundquist til 1-3 som vart sluttresultatet. Nordvik fortel at det er god stemning i troppa, og dei har etter kampen feira med hamburger og cola før dei tok på heimveg.

Publisert: 23. mai 2012, 21:23