Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fyller hola på Fv671 til vinters

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. november 2018

På eit spøkefullt spørsmål om dei var i gang med legging av slitedekke på FV671, så svara Marius Krangnes Solem og Geir Magne Haugen frå Mesta avkreftande – men dei var enige i at det er behov for det. – Skulle vi gjort det med dette utstyret så hadde det nok teke på tida, sa dei to som var i gang med å fylle dei verste hola på fylkesvegen frå Kvennset og utover til Nordvik.

Denne gongen fylte dei hola med varmasfalt på rundt 170 grader, og når dei fikk komprimert dette så vart det nok ein reparasjon som heldt ei stund.

Men det er nok ein realitet at det er stort behov for å legge nytt slitedekke på FV 671 innover til Todalen.  For mange år sidan vart det lagt eit utjamningsdekke på denne vegen. Det skulle være ein midlertidig reparasjon av dekket, og så skulle det legges nytt slitelag året etter var lovnaden den gongen.  Sidan har asfalteringa på denne strekninga vore glømt.  Men det er iallfall bra at dei verste hola no blir fylt, for det er temmeleg bilhardt når du dumpar ned i dei skarpe og djupe hola.

Publisert: 1. november 2018, 12:49