Fullklaff med premierefesten - Todalen.no

Fullklaff med premierefesten

Aldri før har det vel vore nokon attraksjon som har samla sÃ¥ mykje folk pÃ¥ KÃ¥rvatn. Premierefesta for barneTV-serien “FjellgÃ¥rden i Trollheimen” samla nærare 350 tilhørarar laurdag kveld. I lavvoen var det plass stolar til 270, men i tillegg var mange som mÃ¥te ta til takke med stÃ¥plass utafor da Lars Sæther kunne ønske velkomen.

Det var Oda, Emma og Oline som dro i gang underhalninga med song. Vidare var det Bjørn Tore Hallem fra produksjonsselskapet TMM som orienterte om produksjonen. Han roste todalingane og familien Kårvatn og retta ein stor takk til alle som har bidrege til at TV-serien har vorte ein realitet.
Han fortalte om produksjonen som har pågått i 2 år, og om alle utfordringane dei har møtt på vegen. Han skrytte av hovedrollefiguren Oda som han mente var eit godt filmtalent og som var god å samarbeide med.

Serien skal visast i 12 episodar i NRK1′s barneTV utover hausten. Den første episoden kjem alt fredag 4. september kl 18.00 og vidare blir det kvar fredagskveld utover.
Vi fekk først sjå nokre smakebitar frå serien, samt heile episode 4 som omhandla ein dag i fjæra saman med skuleklassen.
Og folk likte det dei såg! Vi vil bli forundra dersom denne serien ikkje treffer målgruppa den er laga for.

Vidare var det sjølvsagt utdeling av blomster og heder bÃ¥de frÃ¥ oppvekstsentret og frÃ¥ kommunen. Neste post var song med Oline Rørstad Bredeli som synger pÃ¥ CD’n som kjem seinare i haust, og Narve Talgø som las “Mann i mÃ¥nÃ¥” av Leif Halse. Men den siste store hovedattraksjonen var nok The Battery som fekk opp stemninga i lavvoen og som runda av underhaldninga pÃ¥ premierefesta. Dette var nok midt i blinken for de yngre og dei hausta mykje applaus for musikken sin.

Gudmund KÃ¥rvatn sa etter festa at han var overvelda over interessen som TV-serien og premierefesta har skapt, og var imponert over at sÃ¥ mange hadde funne vegen til KÃ¥rvatn denne kvelden. Han retta ogsÃ¥ ein stor takk til “Godt mot,Todalen” som har organisert opplegget med premierefesta.

Les og Trollheimsportens dekning av arrangementet.

Medlemmar

Todalen Bondelag
Surnadal Pensjonistlag
Skogkompaniet
Gjensidige Surnadal
Surnadal Kommune
Todalen Sokneråd
Viastua Gardsprodukt
AMFI Kreativ
Todalen Idrettslag
ICA Todalen
Todalen Småbåtforening
Vårsøg Hotell
Trollheimsporten
Todalen Sanitetsforening
IL Søya
Godt mot, Todalen
Todalen Historielag
Todalen Elveeigarlag
Todalshytta
Todalen Brygge
Norsk Laksefestival
Kårvatn Fjellutstyr
Start 4H
Surnadal Regnskap AS
Rossåa Settefiskanlegg
Eldremiddagen
Indre Nordmøre Forsvarsforening
AMFI Surnadal
Driva
Surnadal Sparebank
Talgø Møbelfabrikk AS
Norsk Vandrefestival
Sparebank1 Midt-Norge
Surnadal Trenings- og Velværesenter
Surnadal Lastebil Verksted AS
Surnadal Kulturhus
Søya og Todalen Skytterlag
Kombi Regnskap
Karen Oddny's heim og hagetjenester
MPs hjemmebakeri
Nordvik Grendalag
Svorka
Skulstuå i Todalen

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 23. mai: Søppeldag
    • Ons 23. mai: Første Sykkeltrim
    • Ons 23. mai: G12 fotballkamp
    • Tor 24. mai: Stavganggruppa pÃ¥ tur
    • Tor 24. mai: Biblioteket er ope
    • Tor 24. mai: G14 fotballkamp
    • Lør 26. mai: Pinseope i arboretet
    • Lør 26. mai: Open dag i Krigsminnesamlinga
    • Tir 29. mai: Fotterapi
    • Tor 31. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør