Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full fart på isen

Elinor Bolme Tysdag 12. januar 2016

Måndag kveld var det full rulle på isen som er anlagt på Bordholmen. Den vanlege balleiken for dei minste i bygda vart av erstatta av skøyteløp og ishockeykamp. Nesten eit trettitals ungar, foreldre og besteforeldre møtte opp for ein runde på isen. Nokon for alle første gong, medan nokon var som veteranar å rekne etter dei hadde benytta isen i helga.

Torsdag skal skulen ha utedag på isen, der ferdighetene sikkert blir ytterlegare forbedra.

Under er eit bildegalleri frå eit vellykka skøytearrangement.  Alle foto ElinorB

Publisert: 12. januar 2016, 19:29