Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full fart med slåtten – må nytte finvêret no!

Jon Olav Ørsal Fredag 12. juni 2020

Todalen Mjølk er i full gang med slåtten – i løpet av helga er det plana å slå minst 1000 mål av til saman rundt 2000 mål som dei driftar. Og jammen går det unna når ein slår 2×3 meters bredde og kjører rundt 20 km i timen med slåmaskina.  Vi snakka såvidt med odd Harald Talgø som satt bak rattet på traktoren, og han fortalte at det er mykje gras i år.

Etter at slåmaskina har gjort jobben må graset rakes saman, før pakkemaskina sørgjer for å lage silioballar som pakkes i plast og samles opp for lagring til vinterfôr.  No gjeld det å nytte finvêret, for i løpet av onsdag og torsdag i neste veke er det atter meldt regn. 

Med 6 meters bredde og 20 km i timen så går det unna. Likevel tek det noko tid før 2000 mål er pakket i plast! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. juni 2020, 17:58