Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

FrP med lynvalgkamp i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. august 2015

Onsdag var Johs Vaag på ein lynrask valgkampturne i Kaffekroken på butikken for å presentere valgprogrammet til FrP og for å høre litt kva todalingane var opptekne av. Sjølvsagt kom både skule-, bru/tunell og helse/omsorg på agendaen uten at debatt nådde dei store høgder.

RagnarHalle_1801

Ragnar halle (SP) sørga for at det vart litt temperatur i samferdselsdebatten. Foto: Jon Olav Ørsal

Johs Vaag hadde invitert listekodidatane Ragnar Halle (SP) og Jon Bruset (AP) for å delta i debatten, men det var litenyanserte synspunkt som kom fram. I samferdselsdebatten var det stor sett enigheit om at det er viktig å velge eit skånsomt alternativ med tanke på Svinvika og arboretet – synspunkta var også klare på at det var viktig at ein endar opp med eit rimeleg alternativ slik at det heller blir kunne bli pengar til å ruste opp FV 65 Storås-Betna i ei pakkeløysing, poengterte Ragnar Halle.

Jon bruset (AP) spurte kva konstellasjon FrP ville støtte dersom dei kom på vippen i eit nytt kommunestyre. Johs svarte at FrP ikkje har låst seg til noko der, og at det ville blir drøfta på medlemsmøte i FrP og gjort eit demokratisk vedtak.

JohanK&JohsV_1799

Johan Ørsal og Johs Vaag. Johan mente det ikkje var skikkeleg demokrati lenger når han ikkje fekk stryke kandidatar på lista. Foto: Jon Olav Ørsal

Johan K. spøkte med at han kanskje ikkje ville stemme ved valet i år, når det ikkje er høve til å stryke listekandidatar  – tykkjer ikke det er demokratisk lenger etter at den nye valordninga kom, sa han.

Johs. undertreka at dagens kommuneøkonomi blir ei utfordring i tida framover, og at det er viktig å tone ned kostbare og ressurskrevjande prosjekt som kan vente til seinare.

 

Publisert: 26. august 2015, 11:57