Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fritt valg for trim og leik

Elinor Bolme Tysdag 9. januar 2018

Scootergruppa i Todalen IL har denne veka kjøyrt på spor til Tristeinane og viare utover til skihytta og nedatt om Haukålia. Og ned frå skihytta til Skarvøymyra ved vegenden i Øyalia. Dei melder også om fine forhold på Tjønnmyra for den som ikkje har planer om ein langtur. Vegen går ennå midt i trasseen, men det er fullt muleg å benytte anlegget for det.

I tillegg er det oppkjøyrt spor på fleire ekrer i nedre del av bygda. Frå skulen og ned til Hals med eit par rundar mot Gunnøya og Halsabrua.

Idrettslaget har også fått tilsendt GPS frå Surnadal kommune som skal monterast på løypescooteren, slik at alle kan sjå om kva for løyper som er oppkjøyrt. Denne blir montert etter kvart.

I tillegg meldes det om kjempefine forhold for skøyteinteresserte på Bordholmen.

Publisert: 9. januar 2018, 18:57