Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friska opp livreddande kunnskap

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. mai 2015

Tysdag kveld fikk todalingane friska opp sine kunnskaper om livreddande førstehjelp. I regi av omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening og Todalen brannvesen var det arrangert førstehjelpskurs i klubbhuset på Bordholmen.

Julia Halle og Sidsel Heimlund fikk god veiledning frå Olav Polden. Foto: Jon Olav Ørsal

Omsorgsberedskapsgruppa i saniteten har avtale med Surnadal kommune om å tre til med mannskap og tjenester når det skjer ulykker eller når naturkreftene spelar oss eit puss og samarbeider mellom anna med Todalen brannvesen som er i beredskap med hjartestartarane. Det er utplassert to hjartestartarar i Todalen – ein på Bordholmen og ein i brannstasjonen på Kvennset.

Denne kvelden var det altså gjennomgang av livreddande førstehjelp med gjennomgang og øving på hjartestans, og det var møtt fram 15 deltakarar for å bli med på kurset.  Her vart det nytta kompetanse frå ambulansetenesta til sjølve kursgjennomgangen, og dei viste oss kor enkelt og greit det går an å redde liv, berre ein kan litte grann og gjer dei rette tingane som f.eks.:

  • Frie luftvegar
  • Kjenn om pasienten pustar
  • Ta pulsen og prøv å få kontakt
  • Stabilt sideleie dersom pasienten er bevisstlaus
  • Og for ikkje å gløyme å ringe til 113 – AMK-sentralen

Enkelt sagt er den største feilen du kan gjera – å ikkje gjera nokon ting!  Vær ikkje redd for å ringe 113, sjølv om du er i tvil. det er viktig at dei får beskjed på eit tidleg stadium, og kan aksjonere fort. – Dei vurderer situasjonen og setter deg vidare dit du har behov dersom dei meiner at det er naudsynt, og det er betre å ringje ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Bildeglimt frå førstehjelpskurset på Bordholmen   –  alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

 

Publisert: 12. mai 2015, 21:51