Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frakkast julgatå i bøgd’n!

Elinor Bolme Laurdag 2. desember 2017

I kveldinga var det offisiell åpning av årets julegate på Kvenndset. PT-utvalget hadde i år ny vri på julegrantenning da vinden stort sett brukar å fare stygt åt med juletreet ved butikken. Derfor hadde dei investert i lys til dekorasjon på både butikken, Hett & Svett, Talgø og midtrabatten ved bensinanlegget. I tillegg er det oppsett fire koselege nissar som helsar dei forbipasserande.

Finansieringa av lysa er gjort ved loddsalg dei siste dageane, samt at pengane etter fjorårets bygdeprosjekt «Krafttak mot kratt» vart overført til dette tiltaket. Og dermed kunne Terje Nordvik stolt erklære den frakkaste julegata i Todalen for åpna litt over 16.30 i dag. Og med gløgg, korps og nissar vart det stor stemning ved butikken tross grisvêr. 

Under nokre bilder frå eit vått og forblåst arrangement. Alle foto ElinorB

Publisert: 2. desember 2017, 18:38