Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fra Todalen til Sunnmøre

Mari B. Redalen Tysdag 15. september 2015

 

Hvem er du, hvor bor du, hva gjør du til daglig og hvorfor flyttet du?

Namnet mitt er Dag Sverre Grønmyr, oppvaksen i Steinarstua på Halle, 31 år gammal. Har to eldre søsken, Brit og Frode.

Etter allmenfag på Surnadal VGS flytta eg i 2003 til Trondheim for å studere ved NTNU. I 2008 var eg ferdig uteksaminert sivilingeniør innanfor Teknisk Kybernetikk. Da eg nærma meg slutten av studiet var arbeidsmarknaden for ingeniørar veldig bra, så eg hadde jobben klar i god tid før eg var ferdig. Eit britisk firma som heiter Rolls-Royce Marine (ja – same firmaet som lagar flymotorar, og som ein gong i tida laga bilar) klarte å overbevise meg om at Ålesund og maritim bransje var plassen å starte yrkeskarriera.

Det viste seg at jobben var enda meir interessant enn eg trudde, så no har eg vore på Sunnmøre i litt over 7 år. Jobbtittelen er “R&D Engineer”, og eg jobbar med softwareutvikling av styresystem til skip – meir spesifikt innanfor noko som heiter “Dynamisk Posisjonering”. Enkelt forklart er det eit system som får båtane til å ligge i ro. For eksempel attmed ei plattform når det skal lastas og lossas utstyr frå oljeplattforma og til supplyskipet.

bilde1_tanzania

På tur i Tanzania, Kilimanjaro i bakgrunnen. Foto: Dag Sverre Grønmyr

Beskriv hvordan ein vanlig dag ser ut for deg:

Sjølv om eg har fleksitid brukar eg oftast å kome meg på jobben før rushtida startar, her i Ålesund betyr det at eg som regel er på jobb kvart på 8. Litt avhengig av kor mykje som er å gjere vert arbeidsdagen avslutta enten kl 16, eller seinare. Eg har fleksitid, så dette bestemmer eg i stor grad sjølv.

Med ujamne mellomrom er vi som er R&D-ingeniørar med Service-avdelinga vår ut på båt for å ta siste tuning og verifikasjon av softwaren vår. Dette kan skje på eksotiske plassar som Flekkefjord, Strandebarm, Las Palmas eller Singapore.

Etter arbeidsdagen blir som regel tida brukt til å forsøke og motvirke all stillesittinga som ein kontorjobb medfører – naturen på Sunnmøre er nesten like bra som heime i Todalen så det er lett å kome seg ut. I tillegg er eg litt engasjert i frivillig arbeid, og sit blant anna i styrene til Tekna Ålesund og Røde Kors Ålesund. Akkurat det med styrearbeid er vel ei vane eg har med meg frå mi tid i Start 4H og Surnadal Jeger og Fiskeforening i min “ungdom”.

bilde2_baat

Eit lite eksempel på dimensjonane til ein ganske vanleg båt som blir brukt til
ankerhandtering. Her var det ikkje nok med 5 dumperar for å taua båten ut
av dokken. Foto: Dag Sverre Grønmyr

Hvor ofte er du i Todalen, og når kommer vi til å se deg i Todalen igjen?

Er som regel innom Todalen ein gong i månaden, samt i dei aller fleste feriane.

bilde3_singapore

På jobb rett utanfor Singapore – forholdsvis tett om plassen. Foto: Dag Sverre Grønmyr

Hva viser du først frem av Todalen til venner som kommer til bygda for første gang?

Da mange av dei eg kjenner er kvalitetsbevisste, utstyrsfokuserte og naturglade folk, må vel det første bli Kårvatn Fjellutstyr. Eg bør vel også nevne Romådalen for å unngå for mykje styr neste gong eg kjem heim.

Kommer du til å flytte til Todalen igjen?

Vanskeleg å seie, det vil i så fall vere veldig avhengig av å finne ein interessant jobb. Men slik det ser ut no så blir det nok ikkje aktuelt på ein del år.

Er et noe spesielt du ikke klarer deg uten?

Eg er ganske så avhengig av å få bevegd skrotten litt, helst utomhus.

Hvordan holder dialekten din seg som utflytta todaling? Kanskje du har et eksempel på en vanlig dialekt-misforståelse?

Dialekta har nok blitt nokså “rund i kantane” etter å ha bodd 12 år heimanfrå. Tal, og da spesielt tala frå 16 til 19 vart for eksempel ganske fort normert under det første året av sivilingeniørstudiet.

bilde4_aalesund

Ålesund, med Sunnmørsalpane i bakgrunnen. Foto: Dag Sverre Grønmyr

Hvordan vil du sammenligne Todalen med det stedet du bor nå? Noen store savn?

Todalen er ein ganske liten plass der alle kjenner alle. Det kan ein vel ikkje seie om Ålesund, sjølv om det er ein forholdsvis liten plass. I tillegg er det kystklima her i Ålesund, med ganske mykje vind og jamn temperatur (5-10 grader heile året). Saknar faktisk litt klimaet i Todalen, og kanskje spesielt landvinden.

Hvor ofte er du innom Todalen.no?

Så godt som kvar dag.

 

Neste blogger er Eirin Torheim Rendal

Publisert: 15. september 2015, 20:00