Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Frå Peru til Todalen på gudsteneste

Frå Peru til Todalen på gudsteneste

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. oktober 2012

Til gudstenesta søndag kveld fekk Todalskyrkja «stor-framund»: Gruppa Allpa Yuraq frå Peru! Med trommer, fløyte og gitarar opna kvelden med eit litt «annsleis» preludium etter at klokkar Ildri Øyen, vikarprest Dag Øivind Østereng og folkemusikkgruppa hadde kome inn i korsprosesjon. Utover i gudstenesta skifta det mellom dei faste ledda – som i den nyinnførte liturgien ikkje skil seg mykje frå den gamle – og friske Allpa Yuraq-tonar knytt opp til teakstene: Eit utvida lovsongsledd (Gloria) med livlege rytmer, ei fyldig avdeling etter Truvedkjenninga og ein mini-konsert som Postludium.

Dermed fekk «ny-liturgien»  levande innslag av ekstra kulturuttrykk – slik det har vore høve til før og slik det er rikeleg rom for også i nyleg vedteken «Lokal grunnordning for hovudgudstenesta» i Todalen. Den virtuose fløytisten Abel Acuna imponerte stort  på sine små og store fløyter – quena, quenacho, quenilla og dei panfløyteliknande zamponas. Han trakterte også mandolinen. Gilbert Huamán med den lille gitaren «charango», Renzo Tabra med vanleg gitar og David Matos med bassgitaren utgjorde resten av gruppa. Innimellom trakterte dei også tromma – ei «bombo leguero».  Gruppa har nettopp vore på turne i Tyskland og Sveits.

 Og musikken? Variert: Både vemodig og dansande latinamerikansk folkemusikk – inkludert ein særprega versjon av «El condor pasa». Bibeltekstene på denne TV-aksjonsdagen for Amnesty handla om gjevarånd og nesteomsorg. Ut frå dette heldt vikarprest Østereng ei  aktuell preike. Han stilte spørsmål kring vår kanskje grådige forbrukskultur. Østereng fortalte også om den gongen han og familien var utsette for kniv-ran, ikkje av uteliggarar i storbyslummen, det var av rikmannsungdom i eit av Europas luksusparadis …

Tankevekkande preike og flott musikk. Ei gudsteneste utanom det vanlege!

Først publisert: 24. oktober 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 23. oktober 2012, 20:58