Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotokurs som ga inspirasjon til deltakarane

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2018

Søndag arrangerte Todalen.no i samarbeid med surnadal fotoklubb eit grunnkurs i fotografering. Kurset var tenkt som eit startkurs, der du kunne få litt grunnleggjande kunnskap om fotografering, og like ein få litt inspirasjon til korleis du kan forbetre fototeknikken og få ein del gode tips for å kunne ta betre bilde.

Instruktør Ingrid Kristine Solli og kursdeltakar Magne Søyset studerer menyane på magnes kamera. Foto: Jon Olav Ørsal

På 3 timar er det svært begrensa kor mange tema ein rekk å kome innom, men kursleiarane Ronny Kvande og Ingrid Kristine Solli var godt forberedt og rakk å innom mange tema. Vi kan berre nemne dybdeskarpheit, komposisjon, blendarval, filformat, ISO-hastigheit, Kvitbalanse, fargetemperatur og sjølvsagt mange og gode tips som kan kome til nytte. Deltakarane tykte kurset var nyttig, og det var veldig fint å kunne stille mange spørsmål undervegs. 

Vi har hatt stor sukksess med «dagens bilete» og på bakgrunn av at mange har ytra ønske om å lære meir om fotografering så arrangerte vi eit fotokurs i samarbeid med fotoklubben. Denne gongen fekk vi med 7 deltakarar på grunnkurset. 

Publisert: 15. april 2018, 18:51