Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballsuksess for IL Søya

Elinor Bolme Laurdag 22. august 2015

Nok ein gong har IL Søya arrangert ein vellykka fotballdag på Søyabanen for langt over 500 unge fotballspelarar mellom 5-6 år og opp til 12-13 år. Og med foreldre, søsken og besteforeldre som tilskodarar i finveret var det nok bortimot 1500 personar som var innom Søyabanen denne finversdagen. Søyacupen er no blitt ein av dei største cupane vi har på Nordmøre, med tidleg fullbooking av lag.

Fotballgruppa i IL Søya hadde sett opp eit kampoppsett som delte dagen slik ca i to. Nokon med tidlege kampar, andre med seine. Dette gjorde at dagen for dei fleste tilreisande lag ikkje vart så alt for lang, noko dei aller fleste set pris på. Men med rundt 100 kampar fordelt på 8 banar må dei fleste vente litt i mellom kvar.

Også i år vart det delt ut Fair Play prisar til lag som utmerka seg påde på og utanfor banen. Dei som i år fekk utmerkelsen var Molde G12 og Sunndal G10.

Under er eit stort bildegalleri frå ein ettermiddag frå Søyabanen, med kanskje litt ovvervekt av todalspatriotisme… Alle foto ElinorB

Publisert: 22. august 2015, 20:09